Forkynn til konkurs.

Leder i Dagen,
12. juni/2006.


Forkynninga har sitt primære sikte i at folk skal verta frelste, men då må det forkynnast til åndeleg konkurs.

Med det må det i forkynninga vera eit sterkt moment av sjelesorg.
Det er eit mål med all forkynning at dei som lyttar, skal høyra seg åndeleg fri ved evangeliet og gå frå møtet med frimot og til vitneteneste for sin Frelsar og Herre.
Dette må vera sentralt i all forkynning, og vi bør særleg leggja vinn på dette under sommarens mange stor kristne samlingar av ulike slag.

Vi avsluttar i dag ein tredobbel kronikk av Egil Sjaastad, «Sentrale trekk ved en roseniansk forkynnelse».
Sommar, varme og ferie skaper ein spesiell atmosfære, men det må ikkje føra til ei utvatna eller grunn forkynning. Forkynninga må ikkje vera i feriemodus, men vera eit instrument for Anden.

Sjaastad påpeikar at reformatorane «leste Skriften i frelsesøyemed».

Ut frå det innretta dei forkynninga, og dei oppfatta forkynninga som nådemiddel, så sant evangeliet vert sant forkynt.

Det er viktig at dette vert fylgt opp.
Vi trur det er få plasser ein på dette punktet kan henta meir hjelp enn hjå Carl Olof Rosenius og i arven etter han.
Vi vonar difor på ein roseniansk renessanse.

Skal Bibelen lesast med sikte på frelse og forkynninga vera eit sant nådemiddel, må synda avdekkast — sjølv under feriens kvile og sommarens varme.
Saka er at eigenrettferda er mennesket si hovudsynd.
«Eit sentralt punkt i den rosenianske forkynnelsen har derfor vært å forkynne slik at tilhørerne «går konkurs» – åndelig sett,» skriv Sjaastad.


Det er når det skjer, at Anden kan få bruka Ordet til å openberra Kristus til frelse.
Difor har det også vore slik i denne forkynnartradisjonen at ein i samband med pinse og læra om Den Heilage Ande har lagt vekt på at Anden og nådegåvene skal herleggjera Kristus.
Anden gjev ånds- og nådegåveutrustning til å forkynna slik at synda vert avdekka og folk tek mot Kristus når han kjem til dei på Ordets føtter.

I dag vert det ofte talt om den skjulte kyrkja, eller om kristne som ikkje har gått inn i noko kristent fellesskap, av ein eller annan grunn.
Rett nok er det ikkje noko menneske si oppgåve å avgjera kven som er Guds born eller ikkje, berre Gud ser til hjarto.
Likevel er det slik at Bibelen omtalar dei kristne som synlege, dei truande kjem saman på kvar sin stad.
Lyset kan ikkje setjast under ei skjepp, skjer det, sloknar lyset.

«All denne talen om den skjulte kirke, kan lamme en bibelsk vekkelseskristendom,» skriv Egil Sjaastad med rette.

Dei som slik har eit positivt forhold til kristendommen, skal ikkje i første omgang lokkast til aktivisering.
Dei skal møtast med forkynning som avdekkar synda og hjelpeløyse deira, og viser til det Kristus har gjort for dei — slik at trua skapest eller verta utløyst, og dei så samlast med Guds folk, stig fram med si Kristus-vedkjenning og går aktivt inn i oppgåver i den kristne forsamlinga.

Kort sagt til alle sommarpredikantar: Forkynn frimodig og djervt — slik at folk går åndeleg konkurs og Kristus får stiga inn i hjarto.